Voss Idrottsråd inviterer til «Inspirasjonskveld for idretten»
Torsdag 7. april kl. 17.30 – 19:30
Stad: Scandic Voss
Innleiarar: Elisabeth Faret og Marco Elsafadi, som begge er medlemmer av landsstyret i Norges idrettsforbund, kjem til Voss denne ettermiddagen.
Elisabeth Faret: Kjønnsbalanse i Norsk idrett
Elisabeth sit i hovudstyret i Norges idrettsforbund og er særleg opptatt av likestilling og inkludering. Ho leier ei styringsgruppe som skal utarbeida ein strategiplan for å få betre kjønnsbalanse på alle plan i idretten. Ho vil leggja fram tal på korleis stoda er i dag, og kva erfaringar ho har møtt i arbeidet for å rekruttera kvinner i ulike posisjonar.
Marco Elsafadi: «Motivasjon, ansvar og samspel som skapar idrettsglede»
Marco er tidlegare basketballspelar og har jobba med barn og unge i over 25 år. Han er opptatt av krafta som oppstår mellom menneske. Dagleg bygger vi kvarandre opp og bryt kvarandre ned, er vi bevisste på vårt ansvar i møte med andre?
Det vert servert kaffi og noko attåt i pausa mellom dei to føredraga, difor vil me gjerne vite kor mange som kjem.
Meld deg på via denne linken https://forms.gle/52YM9XaoUXSdseun8
Vel møtt!